«Dialogen i teikneserien er i ei klasse for seg, med stadige ordspel, mykje galskap og humoristiske vendingar.»
Veldig hyggeleg melding av #UdugelegeHeltar Endelaus å vakne til
Og det frå sjølvaste #Nynorsksenteret!
«Dialogen i teikneserien er i ei klasse for seg, med stadige ordspel, mykje galskap og humoristiske vendingar.»
Veldig hyggeleg melding av #UdugelegeHeltar Endelaus å vakne til
Og det frå sjølvaste #Nynorsksenteret!
På laurdag skjer det! Eg og @Helgemonster kjem til #OsloComicExpo for å signere #UdugelegeHeltar.
Me sitt i eit telt utanføre #Serieteket (Schous plass) frå klokka 14:00.
Laurdag! 8. juni! Klokka 14!
Eg skriv #nynorsk!
Eg vaks opp med bokmål som hovudmål, men bytta mens eg gjekk på vidaregåande skule. Det var eigentleg berre for å øve til eksamen, men her sitt eg, 14 år seinare, med ein utgitt trilogi på nettopp nynorsk.
For dei av dykk som er i #Oslo så kan eg røpe at eg og teiknemakkaren min skal signere bøkar på #OsloComicExpo (#OCX) laurdag 8. juni klokka 14!
Me blir å finne i teltet utanføre Serieteket (Deichman Schous plass).
Me har blitt anmeldt! Ikkje av politiet, men av Empirix. Rart val av skribenten å byrja på siste bok, men eg tilgjer han når han kjem med følgjande sitat:
"Duoen Helgemo og Pedersen har laga ein scifi-trilogi som klarer å vere tøysete, episk, søt og finurleg."
https://www.empirix.no/udugelege-heltar-endelaus-anmeldelse/
Då er trilogien komplett!
Det er rart å vera ferdig. Me har haldt på med prosjektet i nesten ti år. Fyrst trilogi på engelsk, og så på norsk.
Når me valte å avslutte tenkte eg lenge at eg no var ferdig å skrive. Det var dette eg hadde i meg. Men det beste eg har skrevet skrev eg i år.
Så får me sjå kor vegen vidare for meg som forfattar leiar.
https://serienett.no/serienett/arrangementer/lansering-udugelege-heltar-3/
Spørs kor mykje eg får gjort på jobb i dag. Fullt av møtar, og så rett på lansering av den siste #UdugelegeHeltar-boka.
Tankane blir nok opptatte med boksnakk det meste av dagen.